MERKER
KJØPSBETINGELSER
Gjennom å handle hos oss, aksepterer og godkjenner du som kunde samtidig alle gjeldande vilkår.

Frakt ved kortbetaling/forskuddsbetaling er kr 99,-
Fraktsatsen gjeld ikkje ved småmøblar og møblar og til Svalbard og utland.

Prisar:

Alle prisar er oppgitt i norske kroner (NOK) og inkludert mva. Me tek atterhald om prisendringar i forbindelse med devaluering, valutasvingingar eller momsendringar. Me tek også atterhald om feil i prisen som skuldast feil på sida. Prisane kan, ved forhold som er oppgitt her, verta endra utan varsel.

Tilgang:
Talet på varer i butikken vert oppdatert automatisk ved kjøp. Varer som er utseld kan ikkje bestillast, og det same gjeld om du prøver å bestilla ei mengd som ikkje er igjen på lager. Det hender likevel at me kan vere utseld for ei vare som ligg som tilgjengeleg i nettbutikken. Dette kan skje for eksempel dersom me ikkje har mottatt den bestilte mengda varer og ikkje har rukket å korrigere, eller at me har feilpakka ei vare, eller at ei vare har blitt øydelagd. Dersom me ikkje har vara di inne, vil du få ein e-post om dette. Då kan du velje om du vil kansellere ordren av den vara eller la den stå som ei restordre.

Me tek også atterhald om at fargeattgjevinga på produkta ikkje er lik hos alle, og at den kan variere på ulike datamaskiner og skjermar.


Ordrestadfesting og ekspedering av ordren::
Kort tid etter at vi får din ordre vil du motta ei ordrestadfesting til e-postadressa du har oppgitt. Me sjekker så om me har dei bestilte varene på lager. Vanligvis vil varene sendes fra oss 1-3 virkedager etter at ordren er mottatt. NB! I travle periodar og når me har salg og kampanjar må det påreknast ekstra ekspedisjonstid. Du pliktar sjølv å sørge for at all informasjon i ordren er korrekt. Me gjev beskjedar relatert til ordren primært via e-post, er du ikkje tilgjengelig på e-post må du be om å bli kontakta på anna måte i merknadsfeltet ved bestilling..


Frakt og levering:

Forventa leveringstid er 6-10 dager.
Frakt ved kortbetaling/forskuddsbetaling er kr 99,-
Fri frakt på ordre over kr. 1000,-
Fraktsatsen gjeld ikkje ved småmøblar og møblar og til Svalbard og utland. Om du vil hente varene i butikken, er fraktkostnaden sjølvsagt ingenting.

Dersom noko skjer med pakken din er du sikra ny pakke, eller pengane tilbake dersom me ikkje kan levere same vare. 

Alle bestillinger vert sendt i løpet av 1-3 virkedager (mån-fre). Du vil motta ein e-post når ordren din er sendt. 
NB! Det er viktig at e-postadressen du oppgir er korrekt, slik at du kan motta denne e-posten og eventuelt andre e-poster dersom me treng å kontakte deg.

Sikker betaling med kort: 

Transaksjonen vil ikkje bli belasta før vara er sendt frå oss. Vi nyttar 3D-Secure betalingsløysing som er verifisert av Visa og MasterCard.
Vi registrerer ingen personlige opplysningar om din transaksjon. All informasjon foregår mellom deg og din bank.


 



- Hent i butikk: Du kan velge å hente varene hos oss i Våge. Du betaler då ingen porto.

-KLARNA
Me tilbyr også Klarna faktura og Klarna konto som betalingsalternativ. Ved bruk av Klarna faktura tilkjem det eit gebyr på kr 29,-
Med Klarna faktura handlar du enkelt via personnummeret ditt. Du betalar alltid etter at du har motteke vara.
Tenesten Klarna konto passar for deg som vil dele opp betalinga og samle alle delbetalingskjøp på ein faktura. Alle kjøp du gjer med Klarna konto i ein månad vil verte samla på ein ein enkelt faktura som du mottar i midten av neste månad. Dessutan kan du alltid sjølv avgjere kor mykje du ynskjer å betala kvar månad.


Angrerett og retur:
Ved kjøp av varer over internett har du angrerett i 14 dagar. Angrerettskjema vil du finna i pakken din. Dersom du ynskjer å returnere varer til oss er det viktig at du fyller ut angrerett-skjemaet og sørger for skikkelig emballasje. Finn du ikkje att e-posten med angrerettsskjemaet må du ta kontakt med oss.

Ved retur av bestilte varer er det kunden som betaler returporto, jfr Lov om opplysningsplikt og angrerett m.v. ved fjernsalg og salg utenfor fast utsalgssted (angrerettloven). Etter samme lov mister kunden retten til retur av varer dersom vara er brukt eller på anna måte forringa og ikkje lenger i salgbar stand. Varer som vert returnert skal ikkje sendast i oppkrav til oss.

Me bytter desverre ikkje salgsvarer.


Feil eller manglande leveransar:

  Send oss e-post på post@svingenmobler.no og skriv på faktura-/ordrenummer og kva vare som manglar eller er feillevert. Dersom me har gjort ein feil rettar me sjølvsagt opp denne utan ekstra kostnad for deg.
Dersom du oppdagar at ein pakke er skada allereie ved avhenting på postkontoret, må du melde frå om dette umiddelbart på staden. Oppdagar du ein transportskade først når du kjem heim og opnar emballasjen - ta med deg heile sendinga inkludert emballasjen tilbake til postkontoret og fyll ut eit skadeskjema. Postpersonalet vil hjelpe deg med utfyllinga.


Reklamasjon:
Alle varer som vert sendt frå Svingen møbler og interiør er kontrollert slik at dei ikkje inneheld feil eller manglar.
Skulle det ha oppstått skader på vara/ene under forsendinga må du ta kontakt med oss seinast to dagar etter at du mottok pakken slik at vi kan verte einige om ny vare. Me forbeholder oss retten til å reparere vara i dei tilfeller dette er mogleg.

Persontryggleik:
Svingen møbler og interiør lagrar ingen andre opplysningar om kunden enn det me treng for å sende ut varer. Me sel heller ikkje slik informasjon vidare. Ved betaling med kredittkort vert det nytta ei sikker, ekstern løysning som gjer at me sjølve aldri er i kontakt med kortnummer eller bankinformasjon, og dermed kan heller ingen hente ut slik informasjon hos oss.


Til slutt:
Har du ytterlegare spørsmål, så ikkje nøl med å ta kontakt. Bruk kontakt-skjemaet på sida eller send ein e-post til post@svingenmobler.no. Me svarar deg så snart me kan!